fredag 31. oktober 2008

Ting 10. Musikk

Her ein kveld prøvde eg meg på last.fm.
Eg ville høyre på Odd Norstoga, men så kom det ein DDE-song. Greit nok for meg. Eg kunne ikkje finne ut om Odd Norstoga skulle ha konsertar med det fyrste. Endå eg veit han skal til Bykle i neste veke. Eg prøvde og å finne ut om den irske songaren Sean Keane skulle ha konsert snart. Eg prøvde i fleire land, men han dukka ikkje opp. Kanskje han har slutta.

Ting 6. Vennestader

No har eg meldt meg inn i Facebook. Mange vil ha meg som ven, og eg seier ja. Men så gjer eg ikkje noko meir med det. Alt tek tid. Men eg kan lurkikke på kva for vener dotter mi har. Og kva dei driv med. Men eg vil ikkje at folk skal ha greie på kva eg gjer - eller kvar eg fartar, så eg trur eg er berre innom og lurkikkar.

Ting 5. Bilete og taggar.


Eg har vore inne på Flickr, og eg har hatt hjelp til å leggje ut bilete derifrå på den andre bloggen min. Helst vil eg lære å leggje inn mine eigne bilete. Eg har fått digitalt kamera, og eg øver på å leggje inn bilete frå eige arkiv. Det vanskelege er å få bilete på rett plass. Det kjem ikkje der eg vil. No - t.d. vil eg setje inn eit porterett av meg sjølv HER. Men eg skal vedde på at det kjem på toppen av bloggen.

Ting 4. Direkte kommunikasjon..

Det er gama å chatte. Eg er inne på GTalk stundom, og det hender eg ser det er grønt ljos hos somme av mine vener. Då vert det ein liten chat. Eg var i kontakt med Evje her ein føremiddag. Eg har nok med GTalken. Trur ikkje eg vil inn på andre adresser.