mandag 26. mai 2008

Boktips

Kristin skreiv i eit innlegg at ho ville truleg starte med blogg for skuleungdomar. Med bokmeldingar. Det tykkjer eg høyrdest interessant ut. Men det er ikkje noko for Valle. Her er avstanden mellom skule- og folkebibliotek stor.
Men eg skulle ynskje at vi på denne bloggen kunne tipse kvarandre om gama bøker. Bøker som vi kan tilrå våre lesarar, det vere seg vaksne, ungdomar eller born. Det treng ikkje vere mange orda om kvar bok, men kvifor vi tykkjer at andre lyt lese denne boka. Eller berre dele ei stor leseoppleving med andre.
T.d. har eg no hatt fylgje med Anna Gavalda på mine togturar siste veke. "Saman er ein mindre aleine" er ei tjukk bok - omsett til nynorsk!! Det er ei gama historie frå Frankrike, om ungdomar, ei gamal bestemor, god mat og romantikk. Eg har sett filmen, den er god - men boka gjev så mykje meir.

1 kommentar:

byglendingen sa...

Eg har fått mail frå deg, så no får du svaret du ønskjer deg. Boktips er det alltid fint å få. Eg har tenkt å lese boka av Gavalda eg og, så når sommarferien kjem satsar eg på at boka er tilgjengeleg. Kanskje eg må reservere ho?