tirsdag 13. mai 2008

Lydbøker - er toppen

Ugla har kome seg heim etter eit langt og interessant datakurs. Ugla held til i Valle saman med ca. 1320 innbyggjarar. Hovudbiblioteket ligg i VAlle sentrum, medan Hylestad filial ligg på Rysstad. Lydbøker er sers populære for oss som må reise mange mil for å kome til "sentrale strøk". Det går ca. 2 CDar til byen og 2 CDar heimatt. Har lydboka 5 CDar, kan det hende at ein må stå nokre minutt på parkeringsplassen i byen og nokre minutt utanfor huset heime for å få med seg slutten av lydboka.

Men er det ikkje riktigare å kalle oss Setesdalsbiblioteka? Med ein genitivs -s??
Ugla helsar til alle lesarar.

Ingen kommentarer: