fredag 16. mai 2008

gmail - Google leser e-posten din!!

Etter å ha sett ForbrukerInspektørene (FBI) på NRK 14.05.08
Google leser e-posten din!
På datakurs får me stadig nye tips om bruk av internett og e-post-kontoar. Vi fekk anbefalt gmail på kurset i Evje, og alle kursdeltakarane oppretta kvar si gmail-konto.
MEN!!!
Eit lite - eller skal eg seie - eit STORT VARSKU HER når det gjeld gratis e-post. Det dreier seg først og fremst om e-post-kontoar oppretta på gmail. Kvar gong du sender og mottek post på gmail-kontoen din, "les" Google posten din!! Annonsane du får opp når du kjem inn på e-post-kontoen, vert skreddersydd etter at Google har "lest" posten. Google scanner all post på gmail-kontoane og tek vare på opplysningane om brukarane av gmail!
Anbefaler derfor STERKT at du bruker Gmail-kontoen din varsamt. Tenk over at storebror - her Google - ser deg kvar gong du tek gmail-kontoen i bruk!!
Som alltid; det som er gratis - har alltid ein "hake" ved seg .................

3 kommentarer:

Ugla sa...

Ein lyt nok tenkje seg om når ein legg inn opplysningar - både på bloggen og på e-post. Eg ser det er mange som legg inn bilete av seg sjølv - eller av ungane sine eller barneborna. Kan desse bileta verte misbrukte? På kva for ein måte? Eg er så naiv at eg trur det beste om folk. MEN eg vil ikkje leggje ut adressa mi - eller datoane eg er borte på ferie, heller ikkje personnummer eller bankkonti(ok - no fekk de vite at eg kanskje har fleire enn ein), men elles har eg ikkje sensitive opplysningar å dele med andre. Dersom de les syster mi sin blogg, får de vite at ho er bra sur på meg no, fordi eg kom forseint til middagsselskapet hennar 17. mai. At eg gjer dumme ting - stundom - vil eg ikkje skjule. Eg vil ikkje gjere meg betre enn eg er.

byglendingen sa...

Om nokon har lese bøkene til Stieg Larsson det siste året, er vi vel alle klare over at det finst folk som kan finne ut det meste om andre ved hjelp av datamaskina si. Ja, ja, det er no eit flott hjelpemiddel når ein berre har straum og brukar det vetet ein har fått tildelt og ikkje blir for naiv.

e-bibAgder - kursholder sa...

Dette innslaget fra FBI har vakt stor debatt, både mot FBI og mot Google. Les mer på: http://www.nrk.no/programmer/tv/fbi/1.5660170